VERNET: Granvin får penger fra Riksantikvaren.

76 millioner til fartøyvern

Vernede og fredede fartøy over hele landet vil snart motta penger fra Riksantikvaren.

Publisert Sist oppdatert

Kvart år deler Riksantikvaren ut tilskot til fartøyvern.

No er tildelinga for 2025 klar, med ei føreslått løyving på 76,5 millionar kronar over statsbudsjettet. 10 millionar av desse vart lova som tilsagn i 2024, og er allereie fordelt, skriv Riksantikvaren i ei pressemelding.

Riksantikvaren har no delt ut 66,5 millionar i friske midlar som tilskot. 7,5 millionar av desse er tilsagn som kan brukast i 2026.

– Noregs maritime historie er ein del av vår nasjonale kulturarv. Det er difor gledeleg å sjå at så mange ønskjer å ta vare på dei verna og freda fartøya. Dei gjer ein viktig jobb. Gjennom tilskotsordninga ønskjer vi å leggje til rette for at vi i fellesskap kan bevare fartøya og at dei kan brukast til opplæring, turisme eller andre gode føremål, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Støtta skal gå til eigarar og dei som forvaltar freda eller verna fartøy, og organisasjonar, foreiningar og prosjekt som opererer innanfor tilskotsordninga sitt føremål.

Tidlegare denne månaden besøkte riksantikvar Hanna Geiran det freda fartøyet MS Granvin i Bergen. Lokalrutebåten var blant mottakarane av tilskot i 2024.

– Dei frivillige gjer ein kjempeinnsats for å ta vare på vår maritime kulturarv. Fartøyvernet representerer verdiskaping, lokal interesse og begeistring, seier riksantikvar Hanna Geiran.

– Det var veldig inspirerande å treffe nokre av dei som jobbar for og med Granvin, og høyre deira erfaringar og synspunkt, seier ho.

Geiran er glad for at fartøyet - som vart freda i 2011 – framleis er i aktiv bruk.

– Eitt av Riksantikvaren sine mantra er «bruk er det beste vern». Det gjeld òg på vatnet. MS Granvin er sett i stand gjennom ein kombinasjon av frivillig innsats og tilskot. Fartøyet er i dag i god stand og har mange spanande og varierte oppdrag framover, seier ho.

Fartøyvernet har tradisjonelt hatt det største gapet mellom ramma for tilskotsordninga og søknadssummane.

Frå i fjor er det ei auke på 157,5 millionar kronar i søknadssummen, fordelt på 165 søknadar. Det betyr at fartøyvernet i år har søkt om nesten 408 millionar kroner åleine.

Tilskotet frå post 74 skal ifølgje forskrifta prioriterast slik:

  • prosjekt som er sett i gang, eller tek opp slipp eller dokk, som følgje av tilskot frå kulturmiljøforvaltinga
  • fartøy som har pålegg som må gjennomførast for å halde på sertifikatet sitt
  • fartøy som er freda
  • fartøy og prosjekt med stor frivillig innsats

Fakta:

Tilskot til fartøyvern er ein av sju ordningar i same tilskotsspost.

Heile tilskotsposten er i 2025 på 76,5 millionar kroner.

Les meir om tilskotsordninga for fartøyvernet her.