utgave nr 3 1997
Statsministeren døpte femkeiping
Statsministeren døpte femkeiping
Tekst og foto: Sindre Mørkedal
Ein femkeiping frå Nordfjord blei akkurat tidsnok ferdig bygd til å bli døypt under opninga av kulturminneåret i Ålesund. Gudmor var kulturminister Turid Birkeland. Assistent var dåverende miljøvernminister, i dag statsminisiter Thorbjørn Bertnsen.
-Eg døyper deg, "Lydianna". Må hell og lukke følgje deg på alle fjordar og hav, sa kulturministeren i det ho fylte ein trebolle med mjød som ho skvetta på den nybygde femkeipingen. Thorbjørn var ivrig assisterande under seansen.
Båten er helt ny - bygd av Kristen Arnestad frå Gloppen. Båten har tradisjonell form. 9,5 meter lang og vel to meter breid og er eigd av Ålfoten båtlag i Bremanger. Slike storbåtar som denne femkeipingen blei brukt som kyrkjebåtar, til transport av krøtter og til havfiske. På slutten av 1800 talet utkonkurrerte Nordfjord-båten andre båttypar sør for Stad. På havfiske var den ein spesielt hardfør og mjuk båt.